02/10/2007
Skrivargarden si avdeling innan print, plott, kopi, scan, trykk og design blir med verknad frå 1. oktober 2007 NetPrint Sogn.
”NetPrint kjeda er eit spanande konsept som gjev oss eit løft vidare i vår satsing innan produksjon av grafisk materiale”, seier dagleg leiar Olav Aga. ”NetPrint gjev oss stordriftsfordelar samstundes som vi er eit naturleg val i vårt nærmiljø. I tillegg får vi et breiare kompetanse- og produktspekter som kjem våre kundar til gode”, seier Aga vidare.
Skrivargarden har i mange år sett sitt preg på sentrumsmiljøet med butikk-konseptet foto, print, kopi og trykk. NetPrint-avdelinga får no eigen profil og inngang i same hus som tidlegare.

Bilde: Olav og Øyvind Aga framfor den nye NetPrint-avdelinga i Øvre Årdal
”NetPrint Sogn vil betjene kunder langs Sognefjorden, og gir dermed ytterligere pondus til vårt slogan Print ut i hele Norge”, uttalar Frode R. Søby adm. dir i kjedekontoret NetPrint Norge.
NetPrint er ei kjede av moderne printsenter, der kompetanse, service og logistikk (rask levering) er dei viktigaste konkurransefortrinna.
Kjeda tilbyr sine kundar skreddarsydde løysingar for effektiv foredling av informasjon både på papir og digitalt.
NetPrint-kjeda er i dag representert i Hammerfest, Øvre Årdal, Trondheim, Heimdal, Bergen, Stavanger, Klepp, Oslo (Sentrum, Bygdøy Allé, Skøyen og Økern) og på Lørenskog.
Kjeda si totale omsetning er på over 100 millioner kroner.
For ytterligere informasjon ta kontakt med:
NetPrint Sogn
v/ Olav Aga
Daglig leder
• e-mail
Tlf: 57 66 23 60
Mobil: 91 73 99 31
NetPrint Norge AS
v/ Frode Søby
Adm. dir.
• e-mail
Mobil: 90 05 08 48